VL-59

Opp fra fjorden, ut i verda

Vårt nye, moderne slakteri ligg på Langevåg i Bømlo. Her slaktar og pakkar me laks og aure for oppdrettarar i og rundt Hardangerfjorden og sender han ut i den store verda. 

Ledige slaktedagar

Me har ledige slaktedagar innimellom våre faste slakteproduksjon.

Jobbe hos oss?

Me tilbyr spennande og varierte arbeidsdagar for ei rekke ulike faggrupper. Sjå stillingar me har ledige no!

Finn oss!

Vår lokalisering, veibeskrivelse og meir informasjon om kva du gjer når du kjem til oss finn du her.
Asset 2@300x

Kvalitet

Oppdrettarane som leverer fisken sin til oss er stolte av laksen sin, med all grunn. Gjennom ein fleksibel og effektiv slakteprosess med fokus på fiskevelferd, presisjon og tempo, er målet vårt å bevara kvaliteten på råvara på aller beste måte – heilt frå ilandføring og fram til laksen er på veg ut til kundar verda rundt.

Frå merd til slakteri

Levering av fisk inn til oss kan gjerast på fleire måtar. Vårt topp moderne slakteri i Langevåg er bygt for å kunna ta i mot fisk både frå ventemerd, brønnbåt og bløggebåt, og gir dermed ein unik fleksibilitet.
Asset 3@300x

Laksen sin stopp hos oss

Det nye slakteriet i Langevåg har kapasitet til å produsera 200 tonn ferdig pakka fisk i løpet av eit ordinært åttetimars skift. Produksjonslinja er utforma med kunnskap, erfaring og det aller siste av moderne teknologi, og her får du eit lite innblikk i dei ulike stega i prosessen.

Pumping

Pumping

Etter at fisken er levert fra brønnbåt og fisken har stått i ventemærden til den har roa seg ned er den klar til å pumpes opp til bedøvelse og kjøling. Me kan også pumpe direkte fra bløggebåt.

Bedøving

Bedøving

For å auka fiskevelferda og gi ei mest mogleg human avliving, vert levande fisk elektrisk bedøvd før bløgging.

Bløgging

Bløgging

Korrekt bløgging er viktig for kvaliteten på fisken. Bløgging betyr å kutta blodårene frå hjarta på fisken, og hos utfører to bløggerobotar denne oppgåva,

Utbløding

Utbløding

Fisken som vert bløgga i slakteriet går vidare til ein utblødingstank, der laksen blør ut. Tanken er fylt med sirkulerande, UV-behandla vatn som held mellom 0 og 4 grader, og her ligg fisken i minimum 30 minutt.

Sløying

Sløying

Slakteriet i Langevåg er utstyrt med fem nye sløyemaskinar som tar ut innvollar og reinsar fisken innvendig. Maskinane har ein kapasitet på 25 fiskar per minutt. I samband med sløyinga blir fisken òg sortert etter vekt og kvalitet. Personellet som matar sløyemaskina med fisk har oppgåva med å vurdera laksen utvendig, medan kamera i sløyemaskinen sjekkar at fisken er tilfredsstillande reinsa innvendig.

Pakking

Pakking

Slakteriet har tre moderne pakkelinjer med ein makskapasitet på 35 kassar i minuttet. Her vert først den ferdig sløgde fisken lagt i kasser, sortert etter vekt og kvalitet. Kvar kasse inneheld rundt 15 til 18 kilo fisk

Is/ frys

Is/ frys

For å halda temperaturen under fire grader, blir fiskekassane fylte med is. Kvar kasse inneheld som regel ein stad mellom 3 og 5 kilo is, alt etter om laksen skal transporterast med trailer eller fly. Lengre transporttid betyr meir is. Når fisken har fått is rundt seg, blir kassen lukka med lokk.

Etikettering

Etikettering

Neste steg i pakkelinja er å påføra fiskekassane etikettar. Desse inneheld informasjon om alt frå slaktedato til oppdrettar, eksportør, vekt, siste forbruksdag, allergen mm.

Palletering

Palletering

I det nye slakteriet i Langevåg sørger tre pallerobotar for å stable fiskekassene på pallar. Robotane har kapasitet til 25 kassar i minuttet, noko som svarer til ein pall i minuttet. I påvente av uttransportering, vert pallane med fisk lagra i det nye, store kjølelageret – som har ein kapasitet på over 200 tonn fisk.

No har me ledige slaktedagar

Ta kontakt med produksjonsleiar så finn me ledig slaktedato som passar for deg!

Tlf: 453 94 432
e-post: produksjon@hardangerseafood.no