VL-59

Produksjon

Slakteriet i Langevåg er bygt for å kunna ta i mot fisk både frå ventemerd, brønnbåt og bløggebåt, og gir dermed ein unik fleksibilitet – både for eigarane våre og for andre oppdrettarar med slaktebehov.

Vår produksjonslinje

Les meir om dei ulike stega i produksjonslinja vår her:

Pumping

Pumping

Etter at fisken er levert fra brønnbåt og fisken har stått i ventemærden til den har roa seg ned er den klar til å pumpes opp til bedøvelse og kjøling. Me kan også pumpe direkte fra bløggebåt.

Bedøving

Bedøving

For å auka fiskevelferda og gi ei mest mogleg human avliving, vert levande fisk elektrisk bedøvd før bløgging.

Bløgging

Bløgging

Korrekt bløgging er viktig for kvaliteten på fisken. Bløgging betyr å kutta blodårene frå hjarta på fisken, og hos utfører to bløggerobotar denne oppgåva,

Utbløding

Utbløding

Fisken som vert bløgga i slakteriet går vidare til ein utblødingstank, der laksen blør ut. Tanken er fylt med sirkulerande, UV-behandla vatn som held mellom 0 og 4 grader, og her ligg fisken i minimum 30 minutt.

Sløying

Sløying

Slakteriet i Langevåg er utstyrt med fem nye sløyemaskinar som tar ut innvollar og reinsar fisken innvendig. Maskinane har ein kapasitet på 25 fiskar per minutt. I samband med sløyinga blir fisken òg sortert etter vekt og kvalitet. Personellet som matar sløyemaskina med fisk har oppgåva med å vurdera laksen utvendig, medan kamera i sløyemaskinen sjekkar at fisken er tilfredsstillande reinsa innvendig.

Pakking

Pakking

Slakteriet har tre moderne pakkelinjer med ein makskapasitet på 35 kassar i minuttet. Her vert først den ferdig sløgde fisken lagt i kasser, sortert etter vekt og kvalitet. Kvar kasse inneheld rundt 15 til 18 kilo fisk

Is/ frys

Is/ frys

For å halda temperaturen under fire grader, blir fiskekassane fylte med is. Kvar kasse inneheld som regel ein stad mellom 3 og 5 kilo is, alt etter om laksen skal transporterast med trailer eller fly. Lengre transporttid betyr meir is. Når fisken har fått is rundt seg, blir kassen lukka med lokk.

Etikettering

Etikettering

Neste steg i pakkelinja er å påføra fiskekassane etikettar. Desse inneheld informasjon om alt frå slaktedato til oppdrettar, eksportør, vekt, siste forbruksdag, allergen mm.

Palletering

Palletering

I det nye slakteriet i Langevåg sørger tre pallerobotar for å stable fiskekassene på pallar. Robotane har kapasitet til 25 kassar i minuttet, noko som svarer til ein pall i minuttet. I påvente av uttransportering, vert pallane med fisk lagra i det nye, store kjølelageret – som har ein kapasitet på over 200 tonn fisk.

Kapasitet

Anlegget har kapasitet til å slakta 200 tonn fisk i løpet eit normalt åttetimars skift, eller rundt 1 million middagsporsjonar med laks eller aure. Den raske og godt overvaka produksjonsprosessen er utforma for å bevara fiskekvaliteten på best mogleg vis, der det tek kort tid frå fisken blir ført i land til han ligg stabla på pallar i det energieffektive kjølerommet – klar for transport ut i verda til tusentals sluttkundar som ventar på eit godt og næringsrikt fiskemåltid.

Har du behov for slakting?

Me planlegg produksjonen veke for veke, eit par månader fram i tid.

Ta kontakt med produksjonsleiar på 453 94 432 eller produksjon@hardangerseafood.no, så finn me ledig slaktedato som passar for deg!

Ta ein rundtur i anlegget!

Her kan du ta ein virtuell «spasertur» rundt i det nye slakteriet.