VL-59

Om oss

Hardanger Seafood (tidl. Hardanger Fiskeforedling) er eit lakseslakteri som blei etablert i 1986 av lokale oppdrettarar i Hardanger. Selskapet er i dag eigd av Lingalaks, Tombre Fiskeanlegg, Eidesvik Laks, Fylkesnes Fisk og SalMar. Bedrifta slaktar og pakkar laks og aure for selskapet sine eigarar og andre oppdrettarar på Vestlandet. I tillegg frys og pakkar me laks og aure for eksport, og sender fisk frå Hardangerfjorden rundt hele jordkloden.

Hardanger Seafood er eit nytt og moderne prosessanlegg for slakting og pakking av laks og aure i Langevåg i Bømlo kommune. Slakteriet, som er ei utviding og modernisering av anlegget til tidlegare Espevær Laks, stod ferdig nyåret 2023. Det har ein produksjonskapasitet på om lag 200 tonn per skift –  eller vel  40 000 tonn i året. Anlegget sysselset mellom 35 og 40 personar.

Under pakkemerket VL-59 vidarefører Hardanger Seafood no kvaliteten som H-220 (Espevær Laks) og H-109 (Hardanger Fiskeforedling) var anerkjende for. Det nye slakteriet er utforma for å gjera den siste reisa til fisken så skånsam og effektiv som mogleg, med fiskevelferd, hygiene, produktkvalitet, matvaretryggleik og miljøavtrykk som styrande faktorar i alle delar av produksjonen vår.