VL-59

Kvalitet

Oppdrettarane som leverer fisken sin til oss er, med all grunn, stolte av laksen sin. Gjennom ein effektiv slakteprosess med fokus på fiskevelferd, presisjon, tempo, kontinuerleg overvaking og stor kjølekapasitet, er målet vårt å bevara kvaliteten på råstoffet på beste måte – heile vegen frå ilandføring og fram til laksen er ferdig pakka og på veg ut til forbrukar.

HS_Berekraft

Godkjenningar

Mattilsynet

Statens tilsyn for plantar, fisk, dyr og næringsmiddel.Statens tilsyn for planter, fisk, dyr og næringsmidler.

Debio

Berekraftmerket blir brukt på produkt frå berekraftig fiske og fangst som er godkjent av Debio i samsvar med reglane til KRAV.

GLOBALG.A.P

GLOBALG.A.P. er den verdsomspennande standarden som sikrar god landbrukspraksis.

Kvalitetssystem

Drifta vår vert styrt av eit strengt internt kvalitetssikringssystem, som set tydelege krav til alle fasar av produksjonen. Kvalitetssystemet vårt blir jamleg undersøkt og revidert av Mattilsynet. Veterinær og Mattilsynet gjennomfører i tillegg regelmessige inspeksjonar, prøvetakingar og tilsyn hos oss. I sum er denne strenge kontrollen og tette oppfølginga av fisken gjennom heile prosessen med på å sikra kvaliteten og tryggleiken til produkta våre.

Asset 7@300x

Berekraft

Les litt om korleis me jobbar for å vera ei berekraftig, aktsam og ansvarleg bedrift.