Hardanger Seafood er eit nytt og moderne prosessanlegg for slakting og pakking av laks og aure i Langevåg i Bømlo kommune. Slakteriet, som er ei utviding og modernisering av anlegget til tidlegare Espevær Laks, stod ferdig nyåret 2023. Det har ein produksjonskapasitet på om lag 200 tonn per skift – eller vel 40 000 tonn i året. Anlegget sysselset mellom 35 og 40 personar.
Under pakkemerket VL-59 vidarefører Hardanger Seafood no kvaliteten som H-220 (Espevær Laks) og H-109 (Hardanger Fiskeforedling) var anerkjende for. Det nye slakteriet er utforma for å gjera den siste reisa til fisken så skånsam og effektiv som mogleg, med fiskevelferd, hygiene, produktkvalitet, matvaretryggleik og miljøavtrykk som styrande faktorar i alle delar av produksjonen vår.