Bløgging vil seia å raskt tappa fisken for blod når han vert avliva. Korrekt bløgging og utbløding er ikkje berre eit hygienetiltak – det er ein nøkkelfaktor for å oppnå høgast mogleg kvalitet på sluttproduktet og sikra at fisken held seg godt på veg fram til middagsbordet. For størst mogleg presisjon og effektivitet, utfører to bløggerobotar denne oppgåva hos oss.