Sjømatindustrien tilbyr spennande og varierte arbeidsdagar for ei rekke ulike faggrupper.
Berre hos oss jobbar det alt frå næringsmiddelteknologar til fagarbeidarar innan matproduksjon, økonomar, HR-personell, og ikkje minst teamet med teknisk personell – der teknikarar med fagskule- eller ingeniørutdanning sørger for at pumpene, automasjonssystema, pneumatikken og robotane i den topp moderne og høgteknologiske produksjonslinja vår er operative til ei kvar tid.