Vi tek vare på fisken – heile vegen

Oppdrettarane som leverer til oss kan vere trygge på at fisken blir handtert med omsorg og profesjonalitet. Slakte- og pakketjenesta vår er utvikla med fokus på fiskevelferd, presisjon og effektivitet. Gjennom ein kontrollert prosess med kontinuerleg overvaking og stor kjølekapasitet sikrar vi at råvara held høg kvalitet frå ilandføring til ferdig pakking.

Oppdrettarane har all grunn til å vere stolte av laksen sin – og målet vårt er å bevare den kvaliteten heile vegen. Med fokus på fiskevelferd, ein effektiv slakteprosess og nøye temperaturkontroll sørgjer vi for at laksen blir pakka optimalt og levert vidare til transport.

HS_Berekraft

Godkjenningar

Mattilsynet

Mattilsynet er det statlege tilsynet og direktoratet som har som visjon å trygga framtida for menneske, dyr og natur.

Debio

Berekraftmerket blir brukt på produkt frå berekraftig fiske og fangst som er godkjent av Debio i samsvar med reglane til KRAV.

GLOBALG.A.P

GLOBALG.A.P. er den verdsomspennande standarden som sikrar god landbrukspraksis.

BRC

BRC (British Retail Consortium) lager standardar som hjelper matprodusentar å jobbe trygt og riktig.

Styringssystem

Drifta vår er styrt av eit strengt integrert styringssystem (GFSI-sertifisert) med tydelege krav til alle fasar av produksjonen. Hos oss står kvalitet, tryggleik og sporbarheit i sentrum. Vi følgjer nasjonalt regelverk og er underlagde Mattilsynet si regulering, samstundes som vi jamleg blir reviderte etter leiande private standardar som stiller endå strengare krav til mattryggleik, berekraft og HMS. I tillegg har vi full kontroll på sporing av produkta våre gjennom heile verdikjeda og sikrar korrekt merking i tråd med sertifiseringar som Debio og ASC. Dette gir kundane våre tryggleik for at produkta ikkje berre oppfyller lovpålagde krav, men òg blir leverte med høgaste standard for kvalitet, ansvar og openheit.

DSC07027

Berekraft

Les litt om korleis me jobbar for å vera ei berekraftig, aktsam og ansvarleg bedrift.